Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 30 Jul, 2008 15:26:30På grunn av problemar med nettverket på hotellet, får vi ikkje lagt inn bilder frå jentene sitt opphald her på Norway Cup. Men vi har knipsa litt, og desse bildene vil du sjå på heimesida når webansvarleg kjem heim frå " Tigerstaden" !
Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 30 Jul, 2008 15:18:25Tambar-Åmdal/Sæbø/Ørsta 0-0 ( 0-1 e.e.o. )
Tambarjentene møtte i dag Åmdal/Sæbø/Ørsta i fyrste kamp i A-sluttspelet. Det vart ein særs spennande kamp mellom to jamngode lag på Abildsø-feltet. Tambar spelte sin beste kamp under Norway Cup og kjempa som løvar gjennom heile kampen. Dei hadde også sine sjansar, bl.a. var dei ved to høve gjennom og åleine med keeper, der keeper var ute og redda begge gonger. I andre enden var det også målsjansar, men banas beste spelar, keeper Janne Teigen, stod som ein vegg idag!!
Etter full tid var stillingen 0-0, og ekstraomgangar måtte til for å kåre ein vinnar. Midtvegs i omgangen flytta laget frå Sunnmøre mange folk framover, og scora på sin einaste sjanse. Dermed var Norway Cup-eventyret ute for Tambarjentene.
Sjølv om jentene var svært skuffa etter det sure nederlaget i dag, har ingen av jentene grunn til å henge med hovudet. I turneringa har laget spelt sine beste kampar for året, og har altso gjort ein formidabel innsats under årets Norway Cup.
Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 29 Jul, 2008 14:58:50No er det klart kven jentene møter i første kamp i A-sluttspelet. Laget frå Åmdal/Sæbø/Ørsta vann si pulje og blir Tambar sin motstandar. Kampen går imorgon,onsdag, kl.12.30.
Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 29 Jul, 2008 12:59:03Jentelaget tapte idag kampen mot Bergen Nord med knepne 1-0, scoringa kom eit minutt før pause. Det var ein jamnspelt kamp, der Tambar hadde fortent eit poeng. Men ein del skifte samtidig på laget i den steikande sola var kanskje litt uheldig, men laget er vidare i A-sluttspelet og vi er nøgde med det.
Kampen i A-sluttspelet blir spelt i morgon kl.12.30. Kva lag vi møter der kjem vi tilbake til litt seinare.
Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 29 Jul, 2008 10:21:07Jentene har hatt ein kjempestart på årets Norway Cup. Med to seierer på dei to første kampane, er Tambarjentene allerede klar for vidare spel i A-sluttspelet. I dag blir siste kamp i puljespelet spelt, og det blir då avgjort kven av laga Tambar og Bergen Nord som vert puljevinnar.
Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 29 Jul, 2008 10:11:01I dag,tirsdag, spelar spelar jentene mot Bergen Nord. Kampen går kl. 11.30, og er ein "puljefinale". Vinnaren av denne kampen blir vinnaren av pulja. Dette har kansje ikkje så mykje¨å sei, då begge lag er vidare til A-sluttspelet !!
Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 29 Jul, 2008 10:06:44Det vart ny seier til Tambarjentene då dei møtte laget frå Frigg. Heile 7-1 vann jentene våre, mot eit Frigglag som ikkje var noko målestokk for Tambarjentene. Til pause leda dei 3-0, og borsett frå målet til Frigg som kom på eit flott utført frispark, var det stort sett spel mot eit mål.
Måla til Tambar vart denne gongen scora av Oda(3), Trine(2), Kjersti og Kristin Alise.
Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 27 Jul, 2008 12:51:07På grunn av at hotellet vi bur på ikkje har trådløst nettverk, får vi litt problem å oppdatere sida slik vi hadde tenkt. Vi jobber med saken
Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 27 Jul, 2008 12:49:00Tambarjentene spelte sin fyrste kamp i dag kl.0950 mot Vågå. I steikande sol vann jentene ein fullt fortent 3-1 seier over eit bra lag frå Vågå. Målskorarar for Tambar var Oda med to og Stine med eit.
Neste kamp for jentene er i morgon,mandag, kl. 16.40 mot Frigg.
Norway Cup - dag for dag.Posted by Frank Cirotzki 12 Jun, 2008 01:32:28
TAMBARJENTER 15/16:
Desse jentene er med til Norway Cup 2008:
